Fredag 1. november, 2013, 14:15 – 16:00 (SH: AF (Seminarrom F (212), Sydneshaugen skole))
Fleirordsuttrykk er språklege einingar som “til sjuande og sist” og “å kaste inn handkleet”, som har særeigne eigenskaper ein ikkje utan vidare kan utleie på grunnlag av enkeltorda. Leksikalske og syntaktiske begrensingar på bruken av fleirordsuttrykk gjer dei problematiske blant anna i automatisk språkanalyse.
I utvikling av språkteknologi er standardisering av språkressursar, og det å sørge for at slike ressursar snakkar saman – interoperabilitet – eit viktig omsyn. Eg skal her presentere ein liten studie eg har utført i samarbeid med kollegaer ved UiB og NHH, der vi har sett på den formelle representasjonen av fleirordsuttrykk i leksikalske og terminologiske databasar. Med formell representasjon tenker vi i denne samanhengen på kva for informasjon ein skal registrere når ein skal lagre slike utrykk i ein database. Vi ser på kva informasjon forfattarane har funne relevant for å beskrive “sine” fleirordsuttrykk, både innanfor ramma av eige prosjekt og med tanke på at datamaterialet skal utgjere ein gjenbrukbar ressurs til nytte også for andre føremål.
Ei viktig problemstilling i mitt doktorgradsprosjekt om norske fleirordsuttrykk er å finne ein balanse mellom kva for informasjon ein skal representere i leksikonet, og kva for informasjon ein skal overlate til andre nivå av lingvistisk beskrivelse.
Gyri Smørdal Losnegaard, stipendiat, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier (Forskergruppen LaMoRe), UiB.
Leave a Reply
You must be logged in to post a comment.